Toolbar
22 feb 2017

Mars 2016 starta vi opp med Lepsøy fotoklubb. Det hadde lenge vore lufta interessa om andre kunne tenkje seg å vere med, visst ein klarer å samle so pass med folk at ein kan starte  fotoklubb på øya. Mange har investert i flotte speilreflekskamera og ytra ønskje  at det hadde vore kjekt og vore med i ein fotoklubb, lære meir og dele fotointeressa med andre.

Det vart lagt ut etterspurnad om interessa på facebook, om det no var på tide å starte opp. Facebook er lett tilgjengeleg og enkelt å nå mange. Responsen var stor og over 20 stk. melde si interesse. Vi kalla inn til møte og vidare planlegging. Ei fin blanding av begge kjønn. Mange vil vere med og kan tenkje seg å lære meir,- ta flotte bilete, andre synst det sosiale er viktig og det å kome seg ut, vere med på fototur og ha nokon å dele fotointeressa med.

Nokre få tok initiativ vidare og danna eit interimsstyre som skulle ta seg av det praktiske, registrering osv... Namnet på klubben vart: Lepsøy fotoklubb.

Eitt år har gått og det har vore eit spanande år i fotoklubben. Det har vore arrangert grunnleggande kurs, hatt trivelege fotomøter der vi har drøfta tema og ser på bilete som medlemmer i klubben har tatt. Det blir kåra "kveldens bilete" på kvart fotomøte, som blir lagt ut som framsidebilete på fotklubben si lukka gruppe på facebook. På denne sida kan vi også drøfte foto-aktuelle saker og legge ut foto frå medlemmer i klubben.

Vi prøver å få til mange fototurar, både i nærmiljøet og litt lengre vekk. Dette er lærerikt og alltid kjekt og sosialt. Som regel har vi med både kaffi med noko attåt og grilling på bål.

Klubben har hatt to utstillingar, ei på 17. mai og ei juleutstilling på gamlebankens sine lokale ved Ole-Buda. Dette vart ein stor suksess med mange positive tilbakemeldingar. Vi hadde ope hus kvar laurdag i desember.

 

Her har vi fotomøte. Triveleg fotoprat rundt bordet med ein kaffikopp og noko attåt.

 

På fototur til Hellevika, ein glimrande stad å vere for fotoamatørar.

 

Gode råd er gull verdt og kjekt å ha nokon å drøfte med.

 

Av og til kan det vere at fotografar også kan bli eit blinkskot. Lett å gløyme omverda, når ein går inn i den store fotoverden.

 

Latteren sit laust, når vi har det kjekt på tur.

 

Mange spørsmål og mykje å halde styr på.

 

Er det dårleg fotover ute, må ein vere kreativ og finne på noko inne.

 

Å jobbe med lyssetting er både  spanande og artig.

 

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)
Last modified on torsdag, 23 februar 2017 16:49

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010