Toolbar
27 feb 2017

Ul Solglytt Dansegruppe frå Hildre arrangerte i 2016 dansekurs for alle aldersbestemte klasser, ja til og med born ned til 4- års alderen fekk vere med. Madelen Sæterøy og Oda Hildrestrand var danseinstruktørar og kurset som var på Hildre kulturhus. Det vart ei kjempeoppslutning og 90 påmeldte.

Ryktet om dansekurs spreidde seg raskt til øyane og mange hadde lyst å vere med. Alle var velkomne.  Frå Lepsøya var det tre jenter som var veldig klare for dans, lære mest muleg og dei gledde seg stort. Det var Vilde Fotland Lausund, Maria Rønstad og Linda Hellevik. Ferjeturen inn til fastlandet var ingen hindring og dei reiste kvar torsdag ettermiddag og vart med i to sesongar. Linda Hellevik er fortsatt med enda ein sesong i lag med andre frå Lepsøya.

Før sommarferie og skuleslutt, var det sommeravslutning med oppvisning for fullsatt sal, og før juleferie vart det juleavslutning. På juleavslutninga fekk dei verkeleg vist kva dei hadde lært dette året.  Det var stinn brakke og forventningane vart innfridd til tusen. Eit forrykande danseshow med ei imponerande lyssetting.

Kjempeflotte tiltak å sette i gang dansekurs for born. Tidleg krøkast den som ein god dansar skal bli.

 

Showet i full gang. Ikkje lett å sjå kven som er kven, men Maria og Vilde skal vere blant disse spøkelse aktig skikkelsane.

 

Her er Linda som dansande smånisse.

Maria midt i bilete.

 

Her er Vilde i djup konsentrasjon.

 

 

 

 

 

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)
Last modified on tysdag, 28 februar 2017 21:37
Mer i denne kategorien: « Kultur-kalenderen 2016

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010