Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Items filtered by date: mai 2014

2014

Have 20 items


Deprecated: Non-static method K2ModelItem::getItemExtraFields() should not be called statically, assuming $this from incompatible context in /home/bovedhav/public_html/templates/ja_lens/html/com_k2/generic.php on line 61
søndag, 25 mai 2014 00:00

Lepsøydagar

I regi av idrettslaget har vi kvart år ei heil helg med ulike aktivitetar for store og små. Dette krev stor innsats og dugnadsånd, men det finst det mykje av her ute. I år spelte også vêret på lag, så heile arrangementet vart særdeles vellukka.

 

Foto: Monica Rønstad

 Foto: Roy-Asle Andreassen 

 

Dette var programmet for Lepsøydagane 2014:

Fredag 6. juni: 
Kl. 17-19 på samfunnshuset: 
Buffet med bacalao, lasagne, kaker og dessertar.
Kl. 20-22 i vestibyla på samfunnshuset: 
Aktivitetar for barn/unge. 

Laurdag 7. juni:
Kl. 12-14: Sykkelløp med rebus. 
Hovudpremie (blir trekt): Sykkel. Start og slutt ved klubbhuset.
Kl. 13-14.30: Kiosken på klubbhuset er open. 
Soft-is v/ Gro.
Kl. 14: Utstilling av veteranbilar og amcar på skuleplassen v/ Seaside Custom.
Kl. 14-17: Sal av grillmat v/ idrettsbana.
Kl. 14-17: Hoppeslott v / idrettsbana.
Kl. 14.30: Fotballkamp A-laget: Lepsøy-Ellingsøy.
Kl. 21-01: Sosialt samver i huken v/ vestibyla. 

Søndag 8. juni:
Kl. 12-16 på Lepsøy småbåthamn v/ ferjekaia:
Sal av fiskesuppe, sveler, vaflar, kaker, popcorn og pølse m/ brød.
Diverse aktivitetar. Tare kjem på besøk.
Kl. 12-15: Fiskekonkurranse m/premiar.

Måndag 9. juni:
Øyamarsj med registrering på Bryggja.

 

Published in Det som skjer
fredag, 23 mai 2014 00:00

Lepsøy barnehage

I barnehagen på Lepsøya er det ein god stad å vere. Med eit roleg og tilpassa tempo og få ungar per vaksen, ligg alt til rette for god trivsel i eit trygt miljø. I tillegg til eit flott inne- og uteområde, blir heile øya utforska av dei små. Gardsbesøk, fjellturar, bærhagar og skøyteis er nokre stikkord her. Barnehagen held til på skuleområdet, så overgangen frå barnehage til skule går fint. SFO held også til på barnehagen sitt område. Barnehagen legg ut bilete under fana si på Lepsøy skule si heimeside: www.lepsoyskule.no. Ta ein titt innom her, så får du sjå meir av alt det kjekke som ungane på Lepsøya får vere ein del av.

Published in Bo på Lepsøya
torsdag, 22 mai 2014 00:00

Lepsøy skule

Ved Lepsøy skule har vi god tumleplass for elevane, og det flotte friluftsområdet rundt på øya blir mykje brukt. Elevane går i aldersblanda grupper i eit nært og trygt miljø. Kvar elev blir tett fulgt opp og får god tilpassa opplæring. Besøk heimesida vår på lepsoyskule.no og sjå glimt frå korleis vi har det.

Published in Bo på Lepsøya
laurdag, 17 mai 2014 00:00

17. mai - ein festdag for heile bygda!

Det er alltid kjekt å feire 17. mai på Lepsøya! Her feirar bygda i lag heile dagen.

Folketog, korpsmusikk, konkurranser, god mat, god prat og underhaldning er nokre stikkord.

Her ser du glimt frå feiringa i 2014:

 

 

Published in Bo på Lepsøya
torsdag, 15 mai 2014 00:00

Kor for oss

Dersom du likar å synge, er du hjarteleg velkommen til å vere med i Kor For Oss. Dette koret har medlemmar frå både Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy. Øvingane er på skulen på Haramsøya kvar onsdag kl. 20. Gå inn på heimesida til koret på www.korfoross.com for å finne ut meir!

Published in Gode opplevingar
tysdag, 13 mai 2014 00:00

Peileskive

Peileskiva på Goaldet

Ein nydeleg sommardag i juli 2007 tok dugnadsgjengen i Lepsøy Idrettslag den første turen til Goaldet- med oppakning av utstyr og godkjenning for riving av” gamlevarden” for deretter byggje  ny. Eit  spanande prosjekt og mange ville  vere med å hjelpe. Ei peileskive på varden på toppen av Goaldet har vore snakka om lenge og skulle no realiserast. Turgruppa søkte Sparebanken Møre om midlar som gav 25.000 kr til formålet. Det var berre å sette i gang.

Mange kveldar gjekk med til dugnad. Å ta med ein 25kg sekk  mørtel på ryggen til topps, såg ikkje ut til å hefte dei sprekaste i klassen. Iver i arbeidet med å få på plass peileskiva , gjorde at ein gløymde både tid og stad. Ein merka  knapt skodda kom sigande. Ein utruleg triveleg dugnadsgjeng!

2. September 2007 inviterte turgruppa den gang fylkesmann Ottar Befring som avduka peileskiva. Ei høgtidstund med flagg og tale. Veret kunne vore likare . Sørvesten kom  med storm i kasta. Sjølv om veret ikkje var av det beste, var det likevel 65 personar som tok turet til Goaldet denne dagen, Det heile  vart ei minnerik oppleving ein truleg seint vil gløyme.

 

Published in Ut på tur
måndag, 12 mai 2014 00:00

Bli en geocacher

Geocaching er en slags orienteringslek med GPS. Det ligger poster, som kalles cacher mange steder i Norge og nå er det lagt ut cacher flere steder på Lepsøya!

På hjemmesiden til Geocach kan du lese dette:

Geocaching er en internasjonal aktivitet. Det kan sammenlignes med orientering, men man finner frem ved hjelp av GPS i stedet for kart og kompass. Man leter etter "cacher" eller "poster" som er plassert ut over store deler av verden. Kanskje det ligger en slik post "like utenfor studedøren din"?

Det er gratis å være med og du finner en database over alle postene på www.geocaching.com.

Enkelt fortalt:

  • Man søker fram en post i databasen.
  • Laster koodinatene inn på GPSen.
  • Rusler ut og finner stedet.
  • Leter fram boksen som ligger på posten.
  • Signerer loggen man finner i boksen for å vise at man har fysisk vært på posten.
  • Lukker boksen forsvarlig og legger den nøyaktig tilbake på plass.
  • Når man kommer hjem søker man opp posten i databasen igjen og skriver inn en logg så man får registrert i databasen at man har funnet posten. Legg gjerne inn en hilsen til den som har lagt ut posten og nyttig informasjon til de som kommer etter.

 

Published in Ut på tur
måndag, 12 mai 2014 00:00

Columbine

DEN UTRULEGE REISA TIL ELISABETH (BETTY) MOUAT

Denne hendinga går snart 130 år attende i tid, og handlar om ei kvinne som heilt ufrivillig, og på mirakuløst vis kom over havet frå Shetland til Lepsøya på Sunnmørskysten.

Betty Mouat kom til verda i 1825 i landsbyen Levenwich på Sør-Shetland. Faren var eigentleg skomakar, men drog ofte på fiske for å auke inntekta. Dette vart også skjebna hans, då han kom vekk under kvalfangst ved Aust–Grønland. Mora gifta seg opp att med ein småbrukar og fiskar, Thomas Hay. Her kom også halvbroren til Betty, James Hay til livs. Betty gifta seg aldri og livnærte seg som hushjelp. Dette var ofte hardt arbeid med onnearbeid, stell av husdyra og torvtaking. Tilleggsinntekter fekk ho, som andre kvinner, av strikkearbeid. Som 56 åring skada Betty foten stygt då ho fall av hestevogna og fekk eine foten under vognhjulet. Fire år seinare fekk ho slag og mista noko av rørsla i den eine sida, noko som forverra tilstanden til foten ytterligare. Då ho skulle til doktor, og samtidig selje strikkearbeid for nabokvinnene, utgjer bakteppet for at ho la ut på reise 30. januar 1886. Ho reiste med båten Columbine, ein 50 fots hurtigseglar som gjekk i rute mellom Sør- Shetland og Lerwick. Det var berre kapteinen, styrmannen, ein matros og Betty som la ut på ferda denne dagen. I utgangspunktet ville ikkje kaptein James Jamison ha med seg kvinner i det stygge veret, men ettersom dei var i slekt, og han visste at ho skulle til doktor, fekk ho vere med.

Ulykka hende kort tid etter at båten hadde forlete hamna, ved at storseglskøytet rauk. Då styrmannen og kapteinen prøvde å få inn eit nytt, vart dei slått over bord av bommen. Styrmannen greidde å kome seg om bord att, og dei fekk båten opp mot vinden. For å redde kapteinen vart lettbåten sett på sjøen, og styrmannen og matrosen rodde ut etter han. Dei greidde ikkje berge han og måtte gje opp og prøve å komme seg tilbake til Columbine. I det dårlege veret var det høg sjø, noko som medførte at karane i lettbåten ikkje hadde anna val enn å ro til land for å hente hjelp. Betty Mouat var no hjelpelaus og åleine om bord på Columbine. og båten driev vekk utan nokon ved roret. Rederiet fekk melding etter ein time, og reiaren, John Bruce, utlova bergingsløn. Men det var ikkje større båtar der som kunne dra ut for å hjelpe, og mørkna gjorde det og. Etterkvart kom det større båtar til, og i to dagar vart det leita etter Columbine før leiteaksjonen vart innstilt. Leitemannskapet rekna med at Columbine hadde gått ned i uveret, men John Bruce nekta å gi opp. Han telegraferte til den britiske konsulen i Stavanger og bad han oppmode norske fiskarar og losar langs norskekysten om å vere på utkik etter skuta. Han kom med tilbod om 10 pund i bergingsløn til den som berga Betty Mouat.

Åleine på ei seglskute utan styring var situasjonen kritisk for Betty, og ho var tidleg klar over dette. Etter kvart vart ho også innestengd, då leideren datt ned og blokkerte tilhaldstad hennar, ein trong lugar framme i båten. Kanskje dette var eit lykketreff likevel, ein kan tenkje seg kva som ville ha skjedd dersom ho hadde gått opp på dekk på leiting etter mat og klede. Columbine. I den høge sjøgangen og med ingen til å styre, slingra båten kraftig og konstant. For å unngå at Betty vart kasta hit og dit, måtte ho surre seg fast i nokre tau som hang frå taket i lugaren. Betty hadde teke med seg mat for ei reise på tre dagar, – ein liter mjølk og to kjeks. Ho forstod ho var i vanskar og rasjonerte på det vesle ho hadde. Ho fann fyrstikker og ein lampe som ho klarde å tenne. Ho fann og ei sjømannstrøye som ho tok på seg.

Etter seks dagar på sjøen løya vinden noko. Betty klatra opp på ei kiste og såg ut. Då kunne ho sjå land og snøkvite fjell. Men så vart storseglet fylt og båten drog vekk frå land att. Etter ni dagar, i mørkret kring midnatt, skrapa båten nedpå ei grunne. Då morgonen kom, såg ho land ikkje langt vekk. Medan ho såg på, tok ein sjø tak i skuta og ho vart ført heilt inn til land.

Samtidig på Lepsøya gjekk Johan Erikson Rekdal og venta på betre fiskever. Han var ute og rodde fiske hjå Bernt Rønstad Han har fortalt at han hadde ein draum om at han fann eit skrin ut i Rønstadfjøra. Denne dagen, 7. februar, fekk han med seg ein annan som rodde fiske der, Paul Hestholm, ut i fjøra. Dei tok med seg gevær slik at dei kunne skyte fugl om dei såg nokon. Då fekk dei sjå ei skute som kom inn gjennom falla. Ho hadde storseglet oppe, men ho gjekk med bakka klyver. Når dette seglet vart fylt med vind så fall ho av. Slik fekk ho ikkje så stor fart, og slik kom ho inn mot land. Skuta hogg mykje gjennom brota med det resultat at stormastra datt av. Den la seg fyrst attmed sida, men da tauverk rauk, la mastra seg framfor skuta. Så kom ein stor sjø og Columbine køyrde over mastra,- inn mellom to store steinar og nesten heilt på land. Der vart ho ståande.

Dei to på land hadde sett eit menneske om bord tidlegare, men no var det ikkje teikn til nokon. Difor tok Johan tak i forlykkja til klyveren og hengsla seg opp på klyverbommen, deretter om bord i skuta. Kvinnfolket han fann om bord var i dårleg forfatning, og det vart problem med å få ho i land. Johan fann ei trosse og ei line. Han kasta lina til Paul som stod på land. Lina batt han fast i trossa som Paul hala i land. Kvinna sette seg kraftig til motverge då Johan gjorde teikn til ho måtte fira seg til land på denne trossa. Skuta låg heller ikkje i ro, og Betty tok ned i sjøen og vart våt før ho kom i land. Johan måtte springe heim etter tørre klede, og heile mannskapet vart med tilbake til skuta. Bernt hadde med seg ei halv flaske rom som dei gav ho.

Betty vart på Lepsøya i åtte dagar, så drog ho til Ålesund. Der ho var i fire veker før ho reiste attende til Shetland. Skuta vart ståande i Rønstadfjøra heile vinteren,- til våren. Alt om bord vart teke på land og eit reserve storsegl som låg i rommet vart omgjort til ein presenning som skulle verne varene på land. Lensmannen måtte sette vakt over varene, for det var dei som ville forsyne seg. Vaktene var frå mannskapet til Bernt Rønstad. Om våren vart det auksjon over skuta og segla. Erik fortel at faren og farbroren ville by på skuta, men Bernt skulle ut på fiske den dagen, slik at det ikkje gjekk. Columbine vart seld for 400 kr.- Ho var godt i stand trass medfarta. Skroget var av eik. Fyrst vart ho tilrigga som lystseglar, seinare som fiskebåt. Erik fortel at ein gong han og faren var oppe i Hesta og tok ned ved, kom Columbine forbi. Dei sprang ned til sjøen, fekk sett færingen ut og rodde til skuta. Dei fekk kome om bord, og der var det fine greier. Som fiskebåt såg Erik skuta oppe i Vestfjorden seinare.

Av den engelske regjeringa og dronninga fekk Johan bergingsløn og medalje som takk for innsatsen. Sonen meinar han fekk fire-fem hundre kronar og den fine medaljen som familien enno har. På den eine sida av medaljen står det : Victoria D:G Britanniarum Regina F:D. På den andre sida :For Gallentry and Humanity From the British Goverment. Kring medaljen star det inngrave :Johan Erikson Rekdal 7. Februar 1886.

Frå andre kjelder veit vi at då Betty kom i land på Lepsøya, så var der ingen som forstod henne. Dei henta så presten, Ole Barmann, og han kunne hjelpe. I kallsboka har han skrive litt om hendinga: "1886 – Søndagen 7de februar landed udenfor Rønstad den shetlanske jakt Columbine med 2 retietseil uden Mandskab, blot en gammel Quinde – Elisabeth Mouat. Alt var for saa vidt vel. Om denne Sag er nu talt meget om dette". I alt var det fem som vart heidra, og ifølge nokre, ein som vart gløymd. Desse var Bernt Rønstad 38 år frå Haram, Paul Hestholm, 19 år frå Herøy, Knut Veblungsnes, 24 år frå Rauma, Johan Rekdal, 41 år frå Rekdal, Ole Nesset, 26 år frå Nesset, Bertinus Knarvik, 29 år frå Lindas. Han som vart gløymd var Elling Hestholm, 21 år frå Herøy. Handelsministeriet gav dei fem ovannemnde kvar si medalje og ei pengesum som utgjorde to pund til kvar. I tillegg fekk dei på deling dei 10 punda som John Bruce hadde lova dei som berga Betty Mouat.

Kort fortalt om Betty så budde ho fleire dagar hos leiaren av eit tranbrenneri på øya. Namnet hans var Bulley. Meldinga gjekk og til den engelske konsulen i Stavanger og vidare til Shetland. For folket der var dette ei fantastisk melding. Seinare kom ho til Ålesund, der kjøpmann Otto S. Jervell innlosjerte ho på hotell. Historia om henne kom i mange aviser, og på reisa heim vart ho ofte møtt av mange menneske som kom berre for å sjå henne. Den 23. februar kom ho til Hull. Deretter reiste ho med tog til Edinburgh. Då ho gjekk av toget vart ho møtt av eit folkehav. Her var ho ei tid for å kome seg betre til hektene. Mange kom og vitja henne. Saman med halvbroren drog ho til Lerwick, og kom dit laurdag 13. mars. Mange menneske hadde møtt fram for å sjå heltinna. Tre dagar seinare drog ho heim. Her levde ho til den 6. februar 1918, då ho døydde i ein alder av 93 år. På dødsdagen var det 32 år sidan den siste dagen på den utrulege reisa over havet. Eit minnesmerke for den fantastiske reisa er sett opp i Rået på Lepsøya.

 

Published in Gode opplevingar
måndag, 12 mai 2014 00:00

Joda - Lepsøyingene spiller fotball

På Lepsøya spiller mange fotball, både i alderbestemte klasser og i serien. Lepsøy Idrettslag stiller lag i 6. divisjon og hvis du følger denne lenken, kan du se når de spiller og hvordan det går.

http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=139514

Heia Lepsøy!!

 

Published in Det som skjer
måndag, 12 mai 2014 00:00

Store og små hjelper til

På Lepsøya deltek folk i alle aldrar når det skal gjerast eit felles arbeid. Det er sosialt, og nye generasjonar blir lært opp til at det er sjølvsagt å gjere ein innsats for fellesskapet. Slik vil vi ha det!

Published in Det som skjer
søndag, 11 mai 2014 00:00

Lepsøy bedehus og kapell

Bedehuset ligg ved øvstevegen, ikkje langt frå fergekaia. Det blir jamnleg halde gudstenester på øya, og huset blir elles nytta til møteverksemd,  barneforeining / tysdagsklubb og barnekor. Det er eit eige styre som har ansvar for tilsyn og vedlikehald av bygget. 

Published in Bo på Lepsøya
søndag, 11 mai 2014 00:00

Trening inne

Lepsøy treningssenter er eit døgnope tilbod til deg som vil trene inne. Her er mange ulike apparat til å jobbe med for å øve styrke og kondisjon, og så er her ein god massasjestol som du kan slappe av i etter ei treningsøkt. Solarium er her også, for deg over 18 år. Det kostar kr. 40,- for ei økt på treningssenteret, men det går også an å få kjøpt klippekort og andre typar medlemskort med rabattar på butikken.

Published in Bo på Lepsøya
søndag, 11 mai 2014 00:00

Båthamner

Det er to båthamner på Lepsøya, og begge har gjestehamn.

Den første du ser når du kjem i land med ferja eller hurtigbåten, er Lausund småbåthamn. Her ligg naust og båtar som perler på ei snor. Ved hamna er det mykje aktivitet. Du er nesten garantert å ha nokon å slå av ein prat med om fiske og båtliv om du tek turen hit ein fin dag. I tillegg til dagleg bruk, er her ofte søndagskafé i sommarhalvåret. Hamna blir også brukt under Lepsøydagane, då er her fiskekonkurranse, aktivitetar og sal av fiskesuppe og anna mat. Småbåthamna har eit eige klubbhus med kjøkken og toalett.

På Lausund, lenger sør på øya, finn ein ei tilsvarande småbåthamn. Så du kan lett finne plass til eigen båt om du bur her.

Published in Bo på Lepsøya
søndag, 11 mai 2014 00:00

Her finner du arbeid

Bo ved havet med god plass, frisk luft og godt bomiljø for unge og gamle – store og små – og samtidig ha ein spennande jobb? Det kan du få til med utgangspunkt Lepsøya. 

Lepsøya ligg midt i den maritime klynga på Sunnmøre – eit verdsleiande kompetansemiljø med mange internasjonalt retta bedrifter.

VARD utviklar, bygg og marknadsfører avanserte offshore serviceskip. Dei har verksemder i Brattvåg og Søvika, 10 – 15 min. med bil når Nordøyvegen vert opna. VARD har 5 skipsverft i Norge; 2 i Romania, 1 i Brasil og 1 i Vietnam, med hovudkontor i Ålesund.

Rolls Royce Marine har si verksemd for automasjon på Longva, ca 20 minutt med bil frå Lepsøya på den komande Nordøyvegen. Rolls Royce har også ei stor verksemd i kommunesenteret Brattvåg. Designaktivitet og hovudkontor ligg i Ålesund.

Haram kommune utfører viktige velferdsoppgåver, og kan tilby arbeid innan opplæring, helse, omsorg, ingeniørfag og administrasjon. Oppgåvene blir utført i heile kommunen, med hovudadministrasjon i Brattvåg. 

I.P.Huse er verdsleiande innan offshorevinsjar og er ei avansert teknologibedrift. Verksemda held til på Harøya, ca 35 min. med bil frå Lepsøya langs Nordøyvegen.

I Søvika ligg også Valaker bakeri, som er stor leverandør av bakevarer til omlandet, Mørenot som produserer fiskgarn /nøter,Vikestrand og Søviknes byggfirmaUggedal malerfirma og skipsutstyrs- produsentane Umatec Pyro og Nogva Motorfabrikk.

Brattvåg er handels- og servicesenteret i Haram kommune, med butikkar som sel det meste. Her finn du også privat tenesteyting som arkitekt, trykkeri og grafisk design, lege, tannlege, frisør, hotell, treningssenter m.m. Brattvåg ligg ca 15. min unna med bil på fastlandet.

Sunnmøre er senter for verdas offshore supply-flåte. Mannskapet på desse fartøya har gode arbeidstilhøve med lange friperiodar. Mellom rederia i området er: Farstad ShippingOlympic ShippingRem maritimeRemøy Shipping og Havila Shipping. Fleire av dei som bur på Lepsøya arbeider også om bord på havgåande fiskefartøy.

Både på Longva og på Grytastranda (ca 15. min. køyring) er det fiskeindustri som har kontakt med og eksporterer sine produkt til store delar av verda.

Kanskje du har eit ønske om å starte noko for deg sjølv? Lepsøy industribygg har kontorplassar og industrihall til utleige.

 

Published in Arbeid
søndag, 11 mai 2014 00:00

Eit aktivt idrettslag

Idrettslaget vart stifta i 1967. I byrjinga var det mykje fokus på fotball. Det er det framleis, men både friidrett, fjelltrim og ymse andre aktiviteter har blitt fronta av idrettslaget. Idrettslaget har årsmøte på nyåret og styrer drifta ved jamnleg møteverksemd gjennom året. Ulike arrangement blir gjennomført til glede for innbyggjarane på øya. Turstiane er gode å gå, fotballen rullar og Lepsøydagane samlar folket årvisst.

Published in Bo på Lepsøya
fredag, 09 mai 2014 00:00

Sykkeltur på Lepsøya

Ein dagstur til øya på sykkel, kan gi fine opplevingar og vegane er godt egna for sykkelturar. Ta med sykkelen på ferja frå Skjeltene eller på hurtigbåten frå Ålesund. Med utgangspunktet ved ferje – hurtigbåtkaia, har du mange val. Ein tur til Hellevika, der vegen endar ved det idylliske Hellevik fyr, eller velje vegen til Rønstad som går i motsatt retning, som kan vere ein passeleg tur om ein har med born (begge turane er om lag 4 km).

Ved veis ende på Rønstad kan du trygt parkere sykkelen om du vil ta turen ut i Rået. Ein må ta til høgre om ein bestemmer seg for Hellevika. Etter om lag 2,5 km passerer ein Prestegarden som ligg fint til like ved sjøen. Der er rikeleg med muligheiter til aktiviteter for borna (og dei vaksne). Prestegarden vert eigd av Misjonssambandet i dag, og driv med utleige til leirskule, lag og private selskap. Er der ledig kan ein stoppe opp her og rusle rundt og nyte dei fine omgivelsene. Ein gapahuk er oppsett att med naustet og tilgjengeleg for alle som ønskjer å grille eller koke ein kaffi. Er dagen ekstra varm, og blir velsigna med finever, kan ein ta seg ein frisk dukkert på Kjerstadsanden som ligg like ved. Dette er ein populær badeplass som blir mykje brukt av øyfolket om sommaren.

Syklar ein vidare, må ein trå litt ekstra hardt i for å klare” Brauta” utan å gå av sykkelen. Vegen har jamn stigning frå Prestegarden, men flatar ut ved Sætsdemma. Her kan ein stoppe opp og kvile i gapahuken som også kan gi ly for både regn og vind om ein treng det. Denne gapahuken vart sett opp på dugnad av øyfolket til alle som vil – kan bruke den ,- sommar som vinter. Om vinteren frys Setsdemma ofte til is og blir til ei glimrande skøytebane som mange nyttar seg av. Gapahuken blir flittig brukt i slike høve av både barnehagen og skuleborna. Varm kakao og grilling av pølse i gapahuken står ofte på menyen. Om sommaren er det idyllisk å sitje her og nyte roa og omverda. Kanskje berre uroa av fisken som vaker eller grågåsa som roper på ungane sine.  

Vil ein sykle vidare , må ein sykle nokre hundre meter til, før ein kjem til Hellevika. Her går vegen bratt nedover med skarpe svingar og det kan vere lurt å leie sykkelen ned dei siste metrane. Å sitje ved grillbålet eller fiske frå svaberga i Hellevika ein sommarkveld med sol som går i havet, kan vere ei oppleving som festar seg i minnet.

 

Published in Ut på tur
fredag, 09 mai 2014 00:00

Kulturstien

Kulturstien går langs fjøra på utsida av øya mellom Hellevika og Rønstad. Her er så mykje å sjå på, at ein heil dag bør setjast av. Det er ca. 4,5 km frå ferjekaia til Rønstad og same avstand til Hellevik. Turen er godt eigna for familiar med mindre born.

Startar ein frå Hellevika, må ein rekne med å bruke om lag 3 timar til Rønstad og bilveg. Hellevik fyr som ligg om lag 250 meter lengre mot nordaust attmed bilveg, var bemanna fram til 1973, og i 1988 erstatta av ei fyrlykt like ved. Fyret vart bygd i1880 og er i privat eige i dag. Stien frå Hellevika er godt merka og går skiftevis på svaberg og over gras- og lyngmark. Mange stadar høver til ein rast med kaffibål og grilling. Rakfjøra er eit eldorado for alle som kjenner seg i slekt med Espen Askeladd.

Langs fjøra på utsida av øya er der mange hellarar som sjø og is har grave ut. Den fyrste hola vi passerar er Sethshellaren. Går ein vidare kjem ein til Hestdalen, der det i 1887 hende eit forlis med tragisk utfall. Vidare kjem vi til Keila, som vart brukt til båtstø i mange generasjonar. Utanfor Keila syner så vidt tuftene etter Omnen fiskevær. Her budde bortimot 80 menneske, og her ligg godt bevarte tuftar som truleg går attende til 1400-talet. På vegen vidare vil ein passere Karihola før ein kjem til fleire tufter og inngjerdingssystem nordvest for Hesthjellane.

Ein ruslar vidare, og mange kan lett verte fascinerte av å sjå havbåra som kan bryte mot holmar og skjær langt til havs. Etter uvêr ser vi tydeleg spor etter dei enorme kreftene som havbåra kan forårsake. Ei aprilnatt under vårfiskja i 1887 hende det eit forlis i dette området. Midtvegs passerer ein Bryggja Der går svaberget loddrett i sjøen som ein kaikant. I ruskever kan det vere imponerande å sjå enorme bølgjer som blir knuste mot berget. Då må ein vere varsam for å kome trygt forbi. I finever kan det vere ei storslått oppleving å sete her for ein rast,- å skue utover det store hav. Storholmen fyr kan ein sjå langt der ute. Innholmen fyr ser vi like utanfor Bryggja.  

Etter kort tid passerer vi ”Porten”, der stien går gjennom ein trong passasje med ein stor stein over. Deretter kjem ein til Færvollane, og vidare mot Rået, eit område med flat strandflate under bratte fjellsider. I dette området finn ein spor etter folk som har halde til der i tidlegare tider. Her finn ein nemleg eit forhistorisk gravfelt på om lag 150 graver. I Rået ligg Rønstadhellaren den største hellaren som kan minne mest om ein katedral. Den er grove ut av havet og er heile 90 meter lang og 13 meter høg. Rået er staden mange stoppar opp for grilling og kaffikos. Godt drikkevatn finn ein i elva like ved. I Stølsvika nedanfor hellaren er ei minneplate av Columbine og Betty Mouat – eit vitne om ei merkjeleg sjøreise som den 59 år gamle kvinna gjennomførte åleine vinteren 1886.

Vidare mot Rønstad kan ein velje mellom to stiar – ein kan gå langs fjøra forbi Sjøhellaren eller velje øvsteråsa som startar bratt opp eit gjel og langs ein liten fjellrygg. Oppe langs kanten er det skilt som syner vegen ned mot Rønstad og bilveg. Går ein vidare langs fjøra på den blåmerka stien , er det nokre plassar små born kan trenge ei hand å halde i. Snart kjem ein til Smalhans der ein tydeleg kan sjå eit andlet i bergveggen som ikkje er heilt i godlage. Like nedanfor er Gylta – Sildegjelet – Ramnen. Siste del av stien, går i trygg og godt merka sti. Frå Rønstad kan det vere greitt å ha ordna seg bilskyss attende til ferjekaia dersom ein ikkje vil ta beina fatt langs bilvegen.

 

Published in Ut på tur
onsdag, 07 mai 2014 02:00

Hobbyfiske

Nesten alle som bur på Lepsøya har tilgang på båt. Vi har glimrande forhold til å drive med teinebruk og hobbyfiske.

Published in Gode opplevingar
tysdag, 06 mai 2014 00:00

Kjerstadsanden

Mange blir i disse dagar oppfordra til  " hopp i havet" og mange tek oppfordringa på strak arm. Og for oss som er så heldige å ha ei slik fin badestrand tilgjengeleg på øya, blir kanskje badet litt meir fornøyeleg :-)

Published in Bo på Lepsøya
måndag, 05 mai 2014 00:00

Bli med på Fjelltrimmen

Idrettslaget på Lepsøya har en egen turgruppe. De merker og vedlikeholder stier og organiserer Fjelltrimmen.

Det er satt opp 10 poster hvor du kan skrive seg inn i en bok og få poeng. Disse er:

Grønesletta: Ta stien opp fra Sanitetshuset overfor Lepsøy Handel

Goaldet: Fortsett opp til toppen av øya etter at du har vært på Grønesletta.

Måsehamrane: Følg stien rett frem fra Grønesletta.

Storhaugen: Start fra Valderhaug rett før veien går ned til Hellevika eller start fra Rønstad.

Kidalen, Bryggja og Rået: Enten med start fra Hellevika eller fra Rønstad.

Øvsteråsa: Som enten kan nås fra Rået eller fra Rønstad

Lausundholmen

Det er også satt opp en post som kan nåes med start fra Prestegarden eller Sætsdemma.

Får du 50 poeng eller mer i løpet av et år, blir du tildelt diplom og merke. Utdelingen skjer på 17. mai. 

Det trenges ingen påmelding for å være med og det koster ingen ting. Det er bare å ta bena fatt og følge instruksjonen i bøkene.

Nye bøker legges ut hvert år rundt 1. mai.

 

Published in Ut på tur

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010