Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Items filtered by date: november 2015

2015

Have 2 items


Deprecated: Non-static method K2ModelItem::getItemExtraFields() should not be called statically, assuming $this from incompatible context in /home/bovedhav/public_html/templates/ja_lens/html/com_k2/generic.php on line 61
søndag, 01 november 2015 00:00

Julemesse 2015

50 glødelampar skal lyse opp storsalen. Veggen kledd med plank frå delar av gulvet i løa.

I år vart det  julemesse i Hansgardløa den 21. og 22. november. Det har i mange år vore tradisjon med julemesse i Bretanus-stabburet til Merethe Hellevik. Ei koseleg og populær julemesse med nydeleg handverk, strikkety, broderi, julepynt, saueskinn og kaker og bilete.   I år kom det til fleire utstillarar, og det vart bestemt at julemessa skulle vere i Hansløa, der det vart meir plass.

Og publikum svikta ikkje. Det vart stinn brakke også i år. Både øyafolket og mange tilreisande fann vegen ut til Hansgard-løa. Med julemusikk og gratis gløgg ved inngangen gjorde til at alle fekk kjenne på julestemninga. Alle bord, krikar og krokar var opplyste av levande lys og ein og anna nisse dukka opp her og der. Handelen gjekk unna og mange traff kjentfolk og det såg ut som alle kosa seg rundt kafeborda små småprat.  

Lisbeth Sulen og Arve Otterlei kjøpte Hansgarden for få år sidan og har store planar for løa på garden. Løa er allereie totalrenovert utvendig og ligg idyllisk til ved foten av Setsbrauta. Utsikta kan ingen klage på,- her kan augene kvile på fjell og fjord, og oppleve vakre soloppgangar. Snikkaren er i full gang med renovering innvendig, og på langt nær ferdig enda. Det er lagt planar i minste detalj og eit møysommeleg arbeid blir utført til punkt og prikke. Gjenbruk og mykje av det gamle treverket står høgt i kurs og blir godt teke vare på. Lisbeth fortel at dei har planar om utleige og til turisme.

 

Omvisning av løa, og Lisbeth fortel om vidare planar.

 

 Like før messa opnar dørene.

Published in Det som skjer
søndag, 01 november 2015 00:00

Plassehansboka

Plassehansboka

Dette er ei lenkje til ei utvida utgåve av Hans N. Sæth si bok "Ætter og anna frå Lepsøya", også kalla "Plassehansboka". Boka blir stadig utvida. Sjå i føreordet kven du kan kontakte for å få leggje til opplysningar.

Du må opne dokumenta i ei ny fane for at lenkjene i boka skal verke. (Klikk på pila oppe til høgre på skjermen.) Dersom du vil kopiere tekst, trykkjer du på Ctrl+C.

Published in Gode opplevingar

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010