Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Items filtered by date: desember 2015

2015

Have 4 items


Deprecated: Non-static method K2ModelItem::getItemExtraFields() should not be called statically, assuming $this from incompatible context in /home/bovedhav/public_html/templates/ja_lens/html/com_k2/generic.php on line 61
søndag, 27 desember 2015 00:00

Julefest på bedehuset

Tradisjonen tru vart det også i år julefest på bedehuset 3. juledag. Dette er særleg eitt av høgdepunkta for barnefamiliar som er på øya i jula. Mykje song, fest og glede. Som det skal vere i jula. Tre ringar rundt juletreet vart det også. Velkomne att til neste år!

Published in Det som skjer
tysdag, 22 desember 2015 00:00

Julefest på skulen

Tysdag 15 desember hadde Lepsøy skule julefest på samfunnshuset. Festen var open for alle, og foreldra hadde pynta fint både bord og juletre. Rektor Ingunn Kjerstad ynskte alle velkomne, og ekstra velkomen til den nye presten Magne Bildøy, som heldt ord for dagen. 

Det er like stor stas og høgtidleg kvart år, å få vere med og sjå borna når dei kjem i lysprosesjon med levande ljos i handa.

Skuleborna hadde øvd inn eit variert program med song og musikk. Dei framførte morosame sketsjar på scena med slåande replikkar, fortalde vitsar og fekk fram latteren hos dei som sat i salen. Alle kosa seg i lag og var imponerte over flinke elevar. Sjølvsagt ingen fest utan mat og kaffe. På kvart bord stod kaffien klar og eit fat med julekaker og bollar som foreldra hadde ordna med,- det var berre å forsyne seg. 

Borna fekk julebrus og pakke med julenissen. Det var vill jubel då julenissen kom på besøk,- og ei skrekkblanda fryd for dei minste. Alltid spanande å finne ut kven som er utkledd som nisse. Mange tippa det var Remmenissen i år,- ein kjent skikkelse som bur på Nedstevegen.

Som tradisjon er, vart skuleavslutninga avslutta med gang rundt juletreet.  

 Mange komande talent her.

 

Nissar høyrer med i skodespel når det er jul.

 

Lærar Tone Hellebust Fjørtoft, rektor Ingunn Kjerstad og prest Magne Bildøy.

 

Alle elevane ved Lepsøy skule er med, og når ein blandar song og instrument blir det flott orkester.

 

Vill jubel då julenissen kom på besøk og delte ut pakkar.

 

Vi avslutta med gang rundt juletreet.

 

 

 

Published in Bo på Lepsøya
laurdag, 12 desember 2015 00:00

Moenbuda

Moenbuda vart bygd i 1934, og det var her Ivar Moen vaks opp. Ivar var einebarn.  Mora var Nikoline Farstad, som kom frå Arnegarden på Lepsøya. Faren var Olav Moen og kom  frå Fræna. Olav var skomakar, og han både laga og reparerte sko og hadde verkstaden sin i kjellaren. I starten selde dei alt muleg frå knappar til reiskap, men i 1947 fekk dei løyve til å handle med mat og drikke og vart dermed  kolonialbutikk. Det var i hovudsak Nikoline (Nikka) som dreiv butikken. Ivar tok over og dreiv butikken etter Nikka. I ettertid viser protokoller og dokument at Ivar var ein dyktig rekneskapshaldar som held god kontroll på tall og innføring.

I 1957 kjøpte Ivar sin fyrste bil,- ein Peugeot som han betalte 13.000 kr for. Dette vart den fyrste drosja på øya. Bilen vart og brukt som båretransport og til å frakte varer i. Ivar dreiv butikken og fungerte som drosjesjåfør i tillegg, fram  til helsa svikta på slutten av 1900-talet.

Ivar var medlem av Lepsøy småbåtforening og hadde stor interesse og glede av å vere med på utviklinga av småbåthamna. Han hadde båt og likte å følgje med på båtlivet og livet i hamna.

Ivar Moen bar preg av livet han levde. Han var nøysom og reparerte heller enn å kjøpe nytt. Han kasta aldri noko han kunne få bruk for. Ivar hadde god greie på kor alle varer stod, og han tok godt vare på tinga sine. Slik gjekk det til at både butikk og lager etter kvart vart meir som eit historisk museum.  Ingenting har blitt endra eller modernisert  i butikken.  I dag gir det mange ei merkeleg kjensle av å kome inn i ei anna tid, når ein kjem inn i butikken eller inn på lageret. Alt står på plassen sin slik det alltid hadde gjort.

Siste åra budde Ivar på Haram omsorgssenter, der han døydde hausten 2015. Han testamenterte alt han eigde til bedehuset og Lepsøy småbåtforening. Alle synest det er veldig flott gjort at Ivar valde å gi arva si til lokale føremål på øya.

 

 Ivar Moen. Fotografert på Haram kvileheim.

 

 I ei krå i kjellaren står alt skomakarutstyret slik det ein gong stod.

 

 Eit klenodium i dag. Mange hugsar godt alle knappane ein kunne få kjøpe i butikken. Stort utval.

 Den 7. november var det auksjon på Moen sitt dødsbo. Ein kunne by på mange interessante ting. Ein traktor, campingtilhengar, plenklippar, kjerrer og diverse.

 Særleg mannfolka viste stor interesse for traktoren frå 1947.

 

 Spanande med auksjonar,- og er slett ikkje kvardagskost på Lepsøya. Som vanleg stiller lepsøyingane opp når det skjer på øya.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Published in Det som skjer
onsdag, 09 desember 2015 00:00

Lepsøy gravplass

Lepsøy gravplass vart anlagt i 1927 som "hjelpekyrkjegard" for gravplassen på Haramsøy. Grunnen til gravplassen er skilt ut frå den gamle prestegarden som i si tid var bustaden til Haramspresten. Gravplassen vart utvida i 1968.

Gravplassen på Lepsøy har alltid vore velstelt og på den måten  gitt ei god og verdig  ramme rundt gravferda. Mange er svært flinke å stelle gravene til sine nære og kjære. Gravplassen ligg like ved prestegarden nesten ned til sjøkanten. I slike høve gir det ein spesiell kjensle med slik vakker natur tett på. Å vere til stades i gravferda og høyre båra slå inn  mot stranda medan ein tek avskjed med den avdøde, gir verdigheit og minne ein kan leve med i lang tid framover.

I år var det 10 klasse frå Haramsøy ungdomsskule,- frå Lepsøy - Haramsøy og Longva,  ilag med foreldra som har hatt ansvaret for stell og klipping av gravplassen. 10 klassinger frå Lepsøy har vore : Jarle Sulen, Viktor Reitan, Matias Kjerstad og Kristoffer Farstad. Dei har slått graset ein gong i veka, og vore to og to kvar gong. Dei har laga seg turnus og alltid hatt vaksne ilag med. På Lepsøya har dei stilt med eigne klipparar. Dette har vore ein kjekk sommerjobb og dei har levert timeliste til kommunen. Pengane har gått rett i "klasse kassa".

Tilbakemeldingane på arbeidet til skuleelevane har vore positive og gode. Det har blitt sagt at " så fint og velstelt har det aldri vore på gravplassen før",- den beste attesten ein godt kan leve vidare med.

Det er fyrste gong dei har hatt ein slik sommerjobb og gir gjerne stafettpinnen vidare til neste års 10 klassinger, om mogeleg.

 

Bårehuset er eit lite hus ved gravplassen som kan nyttast som oppbevaring av båra til den avdøde. Vakre blomar veks kring huset.

 

På gravplassen kan ein rusle rundt berre for å nyte alle dei vakre og fint stelte gravene, eller ein kan kvile på benken i ro og fred.

 

 

 Dei eldste gravene ber preg av tidens tann. Men blir likevel teke godt vare på av sine etterkomarar og slektningar.

 

 

 

Published in Bo på Lepsøya

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010