Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Items filtered by date: mars 2016

2016

Have 2 items


Deprecated: Non-static method K2ModelItem::getItemExtraFields() should not be called statically, assuming $this from incompatible context in /home/bovedhav/public_html/templates/ja_lens/html/com_k2/generic.php on line 61
måndag, 14 mars 2016 01:00

Flittige hender

Alle som vil og kan er velkomne til sosialt samver på Sanitetshuset. Akkurat denne kvelden då fotografen var her, var det berre damer tilstades. Menn er også velkomne og har vore her. Og alder er sjølvsagt inga hindring.

Det var i 2014 at ein eller fleire personar kom med idéen og tok initiativ til dette positive tiltaket. Meininga var å starte opp med sosialt samver og kombinere det sosiale med ulike former av handverk. Tiltaket har vore godt motteke, og det har strøyma på med folk som ville vere med. Om lag to gonger i månaden er det samling, og talet på frammøtte kan variere frå 10 til 20 personar. Lokalet har dei fått låne gratis med Sanitetsforeninga, som også sponsar strikketråd viss ein treng det.

Her er det berre å møte opp, ein får både tips og inspirasjon berre ved å kome inn døra. Praten går lett og kaffien med noko attåt står alltid på bordet. Her kan du male og snikre om du vil.  Her er flittige hender som strikkar, - det kan vere mjuke plagg til barnebarn eller til deg sjølv. Fine tiltak innan kreftomsorg ved å strikke varme pledd, eller ver med på å strikke dei lekraste plagg til prematuravdelinga på spebarnsavdelinga på sjukehuset . Her er ingen begrensningar. Det er opp til deg kva du vil gjere. Det viktigaste er å ha det kjekt i lag med andre og gi av seg sjølv til andre som treng det.

Her blir det laga Selbuvott, berre tommelen manglar.

 

 Nydeleg strikk.

 

Ein blir rørt av å sjå på desse nydelege, bitte små plagga som blir leverte til prematuravdelinga. Fantastisk arbeid. 

 

Forrige veke vart to av pledda levert til Helse Midt Norge på kreftavdelinga. Kreftavdelinga er svært takknemleg og set stor pris på å få desse heimelaga pledda.

 

Dyktige damer som tryller fram dei finaste plagg til ein heldig liten kropp.

 

Her  diskuterast det mønstrer og oppskrifter rundt bordet.

 

Published in Det som skjer
torsdag, 03 mars 2016 00:00

Ein levande skule

Lepsøy skule er ein todelt barneskule. Det betyr at elevane går i aldersblanda klasser, stort sett 1.-4. og 5.-7. i lag. Når ein jobbar med fleire ulike ting i samme klasserommet, er det gode mogelegheiter for god tilpassa opplæring. Dei yngre lærer også mykje av dei eldre.

Det nyaste ved skulen er at vi har byrja å bruke ipadar, særleg til begynnaropplæringa i lesing. Vi har elles god tilgang på berbare pc-ar, og brukar dei mykje. Men vi brukar mykje blyant og papir også. Ei god blanding er bra, synest vi. 

Trivsel er viktig for god læring. Vi arbeider heile tida for at skulen skal vere ein god og trygg stad å vere for små og store. Førskulebesøk kvar veke i vårhalvåret og mykje felles uteområde gjer at overgongen frå barnehage til skule ikkje blir så skummel.

Med få elevar er det lett å vere fleksibel. Til dømes er det lett å ta med heile gjengen på skøyteisen på Sætsdemma akkurat når tilhøva er best. Vi synest det er viktig å nytte den flotte naturen som vi har på øya, og her er mange fine stader ein kan ha som turmål.

Sjølv om tilhøva ved skulen er små, har både elevar og lærarar mykje kontakt med dei som går på Haramsøya og Flem skular. Vi har mange felles samlingar for elevane, og lærarane blir felles skulerte i "Øyanettverket". Eit slikt godt samarbeid er vi veldig glade for å ha.

Published in Bo på Lepsøya

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010