Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Displaying items by tag: LIL

Krets-mestre

den: 24 desember 2016

Lepsøy herrelag består av ein gjeng med lokale og delvis utflytta karar. Etter eit par år med berre 7'ar-lag starta vi opp igjen i 2014. Sidan den gong har vi blitt betre og betre, og det heile toppa seg i årets sesong. Knallhard jobbing og ein lagmoral av ypperste klasse resulterte i siger i Øya-cup på heimebane, samt avdelingssiger i 6. divisjon. Dette opna for å møte avdelingsvinnar frå søre Sunnmøre til kamp om krinsmeisterskapet.

Første kampen gjekk på heimebane, og enda litt skuffande 3-3. Dette betydde i realiteten at vi måtte vinne bortekampen på Sæbø. Og som venta vart det ein høgst dramatisk kamp, der Sæbø tok leiinga tidleg i kampen, før Lepsøy utligna rett før pause. Midt i andre omgang vart det straffebom på bortelaget, og med eit påfølgande mål imot rett etterpå såg det mørkt ut. Men karane viste styrke, og kjempa seg tilbake til 2-2, ti minutt før slutt. Og like før full tid braut jubelen laus då Sander sette inn vinnarmålet. Fantastisk! Aldri før har eit 11’ar-lag frå Lepsøy vunne eit KM, og for eit par år sidan var det utenkjeleg berre å stille med 11'ar-lag i serien. 

 

 

Herrelaget ynskjer å takke absolutt alle lepsøyingar for ein fantastisk fotballsesong! Ubesigra på heimebane, mykje takka vere verdas beste heimepublikum. Sjølv om det snart er jul, strittar vi rundt med brystkassa lengst framme, som vinnarar av Øya-cup, seriemeistarar og kretsmeistarar på Sunnmøre i 2016. Verdas deiligaste fotballag håper at alle får ei god jul, og ynskjer alle velkomne til nye opplevingar i 2017-sesongen. Ei øy, eitt lag – Lepsøy! 6292!

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010