Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Displaying items by tag: kultur

Kultur-prisen

den: 27 desember 2016

På  sitt siste møtet i 2016, delte Haram kummunestyre ut kulturprisen for dette året. Prisen gikk til  Lepsøy Bygdeutval og deres prosjekt ”Bo ved havet”. Arne Jostein Kjerstad og Anne Breiby takket for prisen på vegne av pris-mottakerne. 

 

Her kan du lese hva Julianne Høistad Aakre sa i forbindelse med prisutedlingen: 

"Det er ei stor ære å stå her i lag med representantar for årets mottakar av Kulturprisen. Lepsøy Bygdeutval med sitt prosjekt Bo ved havet, får prisen for sitt engasjement for bulyst, for positiv utvikling av øya og nærmiljøet og for å sette fokus på lokal kultur og opplevingar på Lepsøya.

I mange, mange år har Lepsøy Bygdeutval vore der som ein grunnstein og ein viktig pådrivar for saker som øyfolket har vore opptekne av. Engasjementet for øya sitt ve og vel har vore ei drivkraft og i 2011 starta dei prosjektet ”Bo ved havet” med det mandatet å gjere Lepsøya til ein meir attraktiv stad for både fastbuande, tilflyttarar og andre tilreisande. 

Bo ved havet-gruppa har jobba iherdig ut i frå dette og vi ser mange positive ringverknadar. Dei har laga ei flott nettsside, deralle kan fylje med på det som skjer på øya både av arrangement, små og store hendinga. Dette har i høgste grad knytta band mellom øyfolket og dei som har flytta ut. Det er og flott reklame for andre som er nysgjerrige på øya, oppdateringar på arbeid med ulike prosjekt, referat frå aktuelle saker på fylkesting og kommunestyre, som til dømes Nordøyvegen, er berre litt av alt ein får innblikk i på nettsida.

Nordøyvegen har sjølvsagt alltid vore ein viktig kampsak for Lepsøy Bygdeutval og også Bo ved havet. Mangt eit avisinnlegg og mang ei reise til ulike møte har det blitt for å støtte opp under denne viktige saka. Og tolmod og stå på vilje har kome til nytte mang ein gong, før det no endeleg viser seg å gå rette vegen.

Av andre saker dei jobba iherdig for er både arealplan for øya. Idedugnadar og folkemøter for bygdefolket, og dei har fått i stand ein flott kulturkalender for øya. Den unike kulturstien rundt øya må nemnast. Heile vegen på baksida av øya er det sett opp kasser med bandspelarar. Her kan ein høyre lydopptak av forteljingar og spennande historier om plassane du kjem til. Lokal historie, segn og kystkultur er soleis teken vare på på ein flott og lærerik måte.

Eit anna stort prosjekt Bo ved havet har jobba med er den fantastiske Eventyrskogen. Tenk å kunne oppleve stemninga får eventyra rett utanfor stovedøra. Du kan sjå døra inn i berget det blå, du kan setje deg ned og lese i trollet sitt eige eventyr-bibliotek, du kan gå rundt mellom enorme soppar, rare små skapningar dukkar opp både her og der og du kan sitte i den enorme trollstolen. Eventyrskogen er verdt eit besøk, og kanskje øg verd ein heil kulturpris i seg sjølv. Bygd opp på dugnad, gode idear og stå på vilje, noko som er typisk for Lepsøya.

Fellesskap, det å stå i lag om noko, samarbeid og dugnadsånd har knytt folket på øya saman. Det har vore med på å skape ein kultur, gode møtestadar og positive ringverknadar.

I bygdeutvalet og i prosjektgruppa Bo ved havet og har det heile tida vore viktige og engasjerte ild-sjeler i sving. Personar som har stått på med uvurderleg innsats for øya og nærmiljøet, dreg lasset og fått andre med. Engasjement smittar.

Det er lagt med enormt med arbeid som er og har vore av stor verdi for både lokalsamfunnet, for øyane og for kommuna. Dei har fått med seg andre på å skape glede, optimisme, positiv aktivitet og gode verdiar, og fått dette flotte øysamfunnet til å gro. Det å stå saman om noko, det å jobbe ilag og det at alle kan bidra på sin måte er gull verdt.

Bo ved havet har og jobba for å få til eit godt samarbeid med dei andre bygdelaga på øyane, og elles iHaram. Dei går føre med eit flott eksempel og dei har jobba for å gjere Lepsøya og heile kommunen meir attraktiv for dei som bur her, og for dei som har lyts til å kome hit.

Lepsøya har med dette teke førarsete når det gjeld å framsnakke og utvikle heimstanden sin. Denne positiviteten og engasjementet påverker også andre, og har vore med på å så positive spirer både på dei andre øyane og i bygdene i kommuna vår. Med desse orda vil eg takke Lepsøy Bygdeutval og Bo ved havet for ei fantastisk innsats og engasjement for å fremje lokalkultur, skape bulyst og for å utvikle lokalsamfunnet til ein attraktiv plass å bu.

Haram kommune vil gratulere Lepsøy Bygdeutval og Bo ved havet med Kulturprisen i Haram 2016. Lykke til vidare med det flotte arbeidet."

30.april: Korpskafé med presentasjon av nye aspirantar kl. 15

15.mai: 1.pinsedag og Øyamarsj på Kulturstien. Reg: Bryggja kl.14-15

17.mai: Folketoget startar frå Gravplassen kl.12. Kafé, kiosk og leikar på skuleplassen. Folkefest kl. 16

21.mai: Stordugnad på Lepsøy Eventyrskogen. Oppmøte kl.10

22.mai: Gudsteneste på bedehuset

1. juni:  Scrappekurs kl. 1800. Kursleder Monika Nordsveen. Kurset koster kr. 350, som inkluderer kursleder, papp, ark og stesj. Påmelding til Wenche Lausund innen 25. mai.

12.juni: Sommarkafé på Lepsøy småbåthamn kl. 15-18

23.juni: Jonsokfeiring på Prestegarden kl. 18.30. Sal av rjomegraut, kaffi og kake. Leikar ute og bålbrenning. Ta med grillmat.

26.juni: Friluftsgudsteneste på Prestegarden kl. 1200 – kyrkjekaffi

26.juni: BARNAS DAG og opning av Lepsøy Eventyrskogen.  aktiviteter fra kl. 1300. Ferge fra Skjelten kl. 1240. Ta med grillmat. Arr. Turgruppa og Bo ved havet 

  26.juni: Sommarkafé på Lepsøy småbåthamn kl.15-18

10. juli: Sommarkafé på Lepsøy småbåthamn kl.15-18

24.juli: Sommarkafé på Lepsøy småbåthamn kl. 15-18

7.august: Sommarkafé på Lepsøy småbåthamn kl.15-18

21.august: Sommarkafé på Lepsøy småbåthamn kl.15-18              

 26-27.august: Lepsøydagane. LIL

4.sept: Gudsteneste på Bedehuset. Presentasjon av konfirmantane, kyrkjekaffi

11.sept: Turgruppa arrangerer skattejakt for små og store på Lausundholmen. Reg: kl.13. Ta med grillmat

16.sept: Bedehusbasar kl.19

7.okt: Basar Lepsøy IL. Kl.19. Kafé

9.okt: Gudsteneste på Bedehuset. Utdeling av 4-års boka.

23.okt: Korpskonsert kl. 15.30

29.okt: Tilflyttarfest på samf.huset. Diverse underhaldning og ”Ta med mat”- servering. Arr. Bygdeutv. og Bo ved havet

6.nov: Gudsteneste på Bedehuset. Helgemesse kl. 11

11.nov: Sanitetsbasar kl.19. Kafé

12-13.nov: Julemesse i Hansgardløa

19.nov: Lynlotteri. Lepsøy skulekorps

25 nov: Julegrantenning på skulen kl.19. Bollar og kakao. Korpset spelar

2.des: Julebingo for LIL. Kl.19. Kafé

4.des: Julekonsert for Lepsøy skulekorps på Bedehuset kl.17

24.des: Gudsteneste på Bedehuset kl. 14. Korpset spelar

26.des: UL Samhald arr: Revy og dans

27.des: Julefest på Bedehuset kl.15

29.des: Romjulsmøte.  Arr. Bo ved havet

 

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010