Toolbar

Arbeidsplassar i nærområdet

Bo ved havet med god plass, frisk luft og godt bomiljø for unge og gamle – store og små – og samtidig ha ein spennande jobb? Det kan du få til med utgangspunkt Lepsøya. Lepsøya ligg midt i den maritime klynga på Sunnmøre – eit verdsleiande kompetansemiljø med mange internasjonalt retta bedrifter.

VARD utviklar, bygg og marknadsfører avanserte offshore serviceskip. Dei har verksemder i Brattvåg og Søvika, 10 – 15 min. med bil når Nordøyvegen vert opna. VARD har 5 skipsverft i Norge; 2 i Romania, 1 i Brasil og 1 i Vietnam, med hovudkontor i Ålesund.

Rolls Royce Marine har si verksemd for automasjon på Longva, ca 20 minutt med bil frå Lepsøya på den komande Nordøyvegen. Rolls Royce har også ei stor verksemd i kommunesenteret Brattvåg. Designaktivitet og hovudkontor ligg i Ålesund.

Haram kommune utfører viktige velferdsoppgåver, og kan tilby arbeid innan opplæring, helse, omsorg, ingeniørfag og administrasjon. Oppgåvene blir utført i heile kommunen, med hovudadministrasjon i Brattvåg. 

I.P.Huse er verdsleiande innan offshorevinsjar og er ei avansert teknologibedrift. Verksemda held til på Harøya, ca 35 min. med bil frå Lepsøya langs Nordøyvegen.

I Søvika ligg også Valaker bakeri, som er stor leverandør av bakevarer til omlandet, Mørenot som produserer fiskgarn /nøter, Vikestrand og Søviknes byggfirma, Uggedal malerfirma og skipsutstyrs- produsentane Umatec Pyro og Nogva Motorfabrikk.

Brattvåg er handels- og servicesenteret i Haram kommune, med butikkar som sel det meste. Her finn du også privat tenesteyting som arkitekt, trykkeri og grafisk design, lege, tannlege, frisør, hotell, treningssenter m.m. Brattvåg ligg ca 15. min unna med bil på fastlandet.

Sunnmøre er senter for verdas offshore supply-flåte. Mannskapet på desse fartøya har gode arbeidstilhøve med lange friperiodar. Mellom rederia i området er: Farstad Shipping, Olympic Shipping, Rem maritime, Remøy Shipping og Havila Shipping. Fleire av dei som bur på Lepsøya arbeider også om bord på havgåande fiskefartøy.

Både på Longva og på Grytastranda (ca 15. min. køyring) er det fiskeindustri som har kontakt med og eksporterer sine produkt til store delar av verda.

Kanskje du har eit ønske om å starte noko for deg sjølv? Lepsøy industribygg har kontorplassar og industrihall til utleige.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media