Toolbar

Lepsøy fotoklubb

Les meir …

Lepsøy barnehage

I barnehagen på Lepsøya er det ein god stad å vere. Med eit roleg og tilpassa tempo og få ungar per vaksen, ligg alt til rette for god trivsel i eit trygt miljø. I tillegg til eit flott inne- og uteområde, blir heile øya utforska av dei små. Gardsbesøk, fjellturar, bærhagar og skøyteis er nokre stikkord her. Barnehagen held til på skuleområdet, så overgangen frå barnehage til skule går fint. SFO held også til på barnehagen sitt område. Barnehagen legg ut bilete under fana si på Lepsøy skule si heimeside: www.lepsoyskule.no. Ta ein titt innom her, så får du sjå meir av alt det kjekke som ungane på Lepsøya får vere ein del av.

 

Tomter på Lepsøya

Vil du byggje og bu på den vakre øya vår? Velkommen skal du vere! Her er ei oversikt over kvar du kan finne ledige tomter:

https://prezi.com/6-_gpsndnyni/tomter-pa-lepsya/?utm_campaign=share&utm_medium=copy

 

 

Lepsøy skule

Ved Lepsøy skule har vi 1.-7. klasse. Vi har god tumleplass på skulen, og det er også fint å kunne nytte det flotte nærmiljøet som vi har utanfor skuleporten. Elevane går stort sett i aldersblanda grupper, med godt grunnlag for tilpassa opplæring. Sjå heimesida til skulen her: lepsoyskule.no

 

Lepsøy aldersbustadar

Lepsøy aldersbustader ligg på Farstad like ved Sanitetshuset. Huset vart bygd i 1980. Det er 6 husvere oppe og to mindre nede i underetasjen som ofte blir leigd ut til folk i alle aldrar, ung som eldre. Men det er i hovudsak eldre pensjonistar som bur her,  som har flytta hit for å få eit meir tilrettelagd husvere.

Det er ein stiftelse på øya som leiger ut og administrerar huset. Dei eldre trivest og synest husvera er lettstelte og ligg sentralt til med kort veg til lege, butikk og frisør. Både frisør og fotpleie har sine kontor i underetasjen. Bygdestova i underetasjen har plass til mange og blir ofte brukt til minnestunder, konfirmasjonar, møter og ulike festlege arrangement. 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media