Om Lepsøya

Lepsøya - ei perle

På Lepsøya bur vi ved havet. Vi pustar i frisk luft og har fantastisk utsikt til Sunnmørsalpane, Romsdalsfjella, Moldefjorden og storhavet. Mange av oss har båt og er sjølvforsynte med sjømat. Øya byr på mellom anna flotte turmål, fotballbane, idrettssal, treningssenter og paintball-gruppe. Mange spelar musikkinstrument, i korpset, i band – eller berre for seg sjølv. Vi deler gjerne desse moglegheitene med fleire, og har difor starta prosjektet Bo ved havet. På desse sidene kan du lese meir om Lepsøya, moglegheitene på øya vår og Bo ved havet – initiativet.